At far min kunne gjera

Tekst: Aasmund Olavson Vinje (1887)
Musikk: Rudolf Bay
Arrangement: Paul Okkenhaug


Songen vert framført av det vesle, finske koret
som følgjer med noteprogrammet Melody Assistant.
Dei er betre på tonar enn på tekstuttale, så her kjem teksten "i klarspråk".

At far min kunne gjera
det gilde han hev gjort
og fram i livet bera
so mykje gjævt og stort,
det var frå dag til annan
for meg so god ei stød:
Stor arv det er for mannen
av godtfolk vera fødd.

Min store fader døydde
- sjå det me alle må -
og arven bort dei øydde,
men sumt eg att kan få.
Her gjeng eg stundom sliten
og leitar etter ord!
Skal tru eg er so liten
for det han var so stor?

Men graset gror på bøen
og korn på gamal vis,
og enno gamle sjøen
er like fri for is.
Vår’ fjell er like håge
og lufti like blå.
so enno like fjåge
me fram kan stemna på